Bilde av Vollen

DEI SOM BIDRAR i 2011

 

Horst Konietzny

Horst

kjem frå München til Valestrand for å dele erfaringar frå sitt virke som regissør, dramaturg og kurator. Han arbeider med produksjoner som ligg på grensa mellom musikk, visuell kunst og teater. Han har også interaktiv dramaturgi og dei teatrale aspekta ved internettet som del av sin utforskande verksemd.

Han har erfaring frå kunstprosjekt i offentlege rom og festivalar, mellom anna som kurator under økumeniske kyrkjedagar i München i 2010.

Han vil på verkstaden arbeide både med kunstnarar og arrangørar og med heile gruppa saman - sjå forsida for kva han seier om dei ulike verkstad-øktene!

 

 

Solveig Styve HolteSolveig Styve Holte

er utdanna frå Den Norske Balletthøgskole og Skolen for Samtidsdans i Oslo. Ho har mellom anna koreografert og dansa i soloframsyninga  ”ikkjetid/ikkjetyngd” saman med komponist Magnar Åm for Kirkefestuka 2010 i Molde, har vore engasjert av Rom for Dans i Oslo og turnert med den interaktive forestillinga ”LØYPE!” gjennom DKS i kyrkjer i Nordland og Sogn og Fjordane. Holte har hatt eit utall oppdrag i norske kirker, og koreografert og dansa både for Trosopplæringskonferansen på Lillestrøm i 2009 og Kirkemøtet i 2008. Våren 2011 var ho utøvar i og leiar for det tverrkunstnarlege prosjektet "Forteljingar" med i alt 17 utøverar innan tekst, dans og musikk frå 6- 58 år, frå skuleelevar tilrøynde profesjonelle. "Forteljingar" var ein del av dei Dei Nynorske Festspela 2011.

Ho syner tirsdag ei open verkstad-forestilling laga i samarbeid med lokale skuleelevar - skreddarsydd for Kulturkyrkja og oss.

 

 

Barbro Raen Thomassen

er utdanna ved Ecole des Beaux Arts, Angers, Frankrike og ved Vestlandets Kunstakademi, Bergen. Ho har også historie mellomfag frå Universitetet i Bergen.Ho arbeider med ulike media som skulptur, installasjon, land art, teikning og foto. Ho har delteke på mange utstillingar i inn- og utland, mellom anna Statens Barbro Raen ThomassenHøstutstilling i Oslo. Viktige kyrkjelege arbeid er installasjonen "Av aske" i Vågsbygd i 2009, utsmykking av Engehaugen Kyrkje på Gjøvik, Bøler kyrkje i Oslo og kapellet på Prestegarden retreatstad i Agder.Ho har også utsmykka andre offentlege rom, til dømes venterom ved medisinsk poliklinikk, Sørlandets Sykehus Arendal og Konows senter for døve og døvblinde i Bergen.

Også viktig er samarbeidet med poeten Paal Helge Haugen om utstillingene "Lettare enn luft - sterkare enn død" i Bomuldsfabriken Kunsthall, Arendal (2003) og "Som ei fjør gjennom kosmos - som ein stein" i Inselgalerie, Berlin (2005).

Ho vil syne bilete og fortelje om sitt arbeid med "poesi i biletkunst" i ei open kulturkveld onsdag.

 

 

Erik HillestadErik Hillestad

erplateprodusent, salme- og gjendiktar og leiar for Kirkelig Kulturverksted som han skipai 1974. Dei grensesprengande musikalske uttrykka frå Kirkelig Kulturverksted har utvida omgrepet kyrkjemusikk for nye generasjonar og har prega ordskiftet om kyrkje og kultur. Han har arbeidd internasjonalt med musikk og musikksamarbeid dermenneskerett, solidaritet ogrettferd forurfolk har vore sentrale tema. Blant blant gjendiktningane hans kan nemnast ny versjon av Stille natt, Hellige nattog oversettinga av eit utvalg av den persiske dikteren Hafiz' tekster -I vinens speilfrå 2010.

På verkstaden er han for å dele av si erfaring både som kyrkjeleg poet og som leiar for Kulturkirken Jakob i Oslo.

 

 

Margrete Kvalbein

er initiativtakar og prosjektleiar for Verkstad på Vandring (tidliegare Verksted på Vollen). Ho er dansar og koreograf og har sidan 2003 drive marg&bein - verksted for dansekunst og bevegelse. Ho har fordjupa seg i scenekunst i kyrkjerom i fleire format: Sidan 1992 som dansar og koreograf for eit 40-talls ulike kyrkjer, ho har MA-studier i emnet fra Teologisk fakultet,har skrive artiklar og driv bloggen margogbein.wordpress.com. Ho hadde initiativet til S-laget: Sted for samvirkekunst på Granavollen, og ho leier Danseinformasjonens Historieprosjekt. November 2011 til august 2012verkar ho som kulturrådgjevar i Borg bispedøme.

 

Kult - senter for kunst, kultur og kirke

er med gjennom kulturrådgjevar i Oslo Bispedøme, Knut Erik Tveit og fagrådgjevar og dansevitar Sidsel Pape.

 

Kulturrådgjevarane i Bjørgvin, Borg og Hamar

har også vore drivkrefter i å omgjere Verksted på Vollen til Verkstad på Vandring, slik at fleire deler av landet skal huse og inspirere verkstaden. 2012 planlegg vi verkstad i "arnestaden" på Granavollen i Hamar bispedøme - 2013 vonar vi å treffast i Fredrikstad, Borg bispedøme.